LokalnyttLokalsport

Leitar etter tillitsvalde i Sunnylven IL

På årsmøtet i Sunnylven Idrottslag 2. mars skal nye leiarar i hovedstyret og fotballgruppa på plass.

Valnemnda i Sunnylven Idrottslag leitar etter kandidatar til tillitsverv. Mellom dei som ikkje tek attval er leiar i hovudstyret og i fotballgruppa.

Styreleiar i Sunnylven IL, Jens Vik har sagt frå seg attval til årsmøtet i idrottslaget torsdag 2. mars. Det same har fotballformann Leif Rune Tryggestad og nokre andre i undergrupper.

Valnemnda har starta jakta på nye tillitsvalde i det 115 år gamle idrettslaget, men jobben blir ikkje av dei lettaste, trur medlem i valnemnda Jens Arve Forbord.

-Vi har nye namn både i banenemnda og til treningssenteret, men manglar forslag til leiar i hovudstyret og i fotballgruppa. Vi har snakka med fleire, men så langt har det blitt nei til svar. Så no vil vi i valnemnda ha tips til kandidatar til dei to tillitsverva. Sunnylven IL er blitt drive godt, har gode anlegg for idrett og har masse dyktige personar som syter for aktiviteten i undergruppene. Å leie Sunnylven Idrottslag eller fotballgruppa krev litt tid, men det burde gå bra, seier Jens Arve Forbord i valnemnda.

Forbord minner om at også damer har vore leiarar både i hovudstyret og fotballgruppa og tek gjerne mot kandidatar på damer igjen. Sissel Ringdal var leiar i hovudlaget frå 1998 til 2000, og Line Høgalmen for fotball i 2000.

-Kom med forslag, eller om nokon har lyst på leiarjobb i idrottslaget, så meld frå til valnemnda, oppmodar Jens Arve Forbord.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380