Ljøkaia ferdig reparert før mai
Dykkerfirma O.E. Hagen AS, Stryn har utbedra skadane på muren under vatn på Ljøkaia. No står støyping av toppdekket for tur.
Den sterkt skada Ljøkaia blir teke vare på. Etter mykje herjing av sjø og bølger gjennom år hadde både den oppmura delen og toppdekket fått betydelege skader.
Før jul var dykkerfirma O. E. Hagen frå Stryn på plass ved Ljøen. Dei reparerte alle skadar på muren i sjøen så det er no i orden, fortel Merete Løvoll Rønneberg i Verdsarvstiftinga. Tidlegare er det opplyst at entreprenør Christie & Opsahl AS skal ordne resten med støyping av nytt toppdekke. Heile kai-renoveringa er på 1.1 mill. kroner og skal vere ferdig til 12. mai