Mot leiarkrise i Sunnylven IL ?

Det kan gå mot leiarkrise i Sunnylven Idrottslag. Valnemnda har ikkje lukkast i å finne kandidatar til toppverv.
Sunnylven Idrottslag held årsmøte torsdag 2. mars. Til møtet har leiarane i to av dei tyngste verva, Jens Vik som leiar i hovudstyret og Leif Rune Tryggestad i fotballgruppa sagt frå seg attval. Vik vart styreleiar i Sunnylven IL i 2012, Tryggestad i fotballgruppa i 2014.
Også tre andre som stod på val i grupper tek ikkje attval, men der har valkomiteen funne nye kandidatar. Det er dei to leiarverva som blir vanskeleg å få på plass, trur Jens Arve Forbord i valkomiteen.