Nye sigrar i SBM-cup for sunnylvs-løpar

Kristine Hjellbakk Hole har vunne to skirenn denne helga. Også samanlagtsigeren i Sparebanken Møre Cup i jenter 15 år er sikker.
Laurdag var det langrenn i Sparebanken Møre-cup i Stordal og dagen etter i Valldal. Sunnylven IL var representert med ein deltakar, Kristine Hjellbakk Hole i jenter 15 år. Det var ein vinnar som representerte den «gamle» langrennsklubben. Begge dagar var Kristine suveren i si klasse, ja så fort gjekk det i både skøyting på Langmyrane i Stordal og i Valldal med skibyte at fleire i eldre årsklasser sleit med på straffe sluttidene til langrennstalentet.
No ventar Hovudlandsrennet til neste helg med 5.0 km. skøyting fredag 3. mars, klassisk sprint laurdag, og stafettar søndag 5. mars.
Nettstaden hellesylt.info har leita lenge for å finne resultatlister frå dei to renne. Her har Møre og Romsdal skikrets ein forbedringsjobb å gjere. http://www.langrenn.com/getfile.php/3766603.92.esddsdxbqa/sbm-cup-son-2017.pdf?&force=1