Nytt sølv i NM
Ole Martin Erdal, Førde vann også dagens NM skifelt sprint. Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven sikra seg ny sølvmedalje.
NM i skifelt sprint heldt fram på Elverum søndag. I seniorklassa gjekk sigeren til gårdagens vinnar på normaldistansen Ole Martin Erdal, Førde. På to skytingar fekk han fire minutt i tillegg. Sølvvinnar Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven Skyttarlag fekk tillegg på seks minutt på langrennstida søndag.
På bronseplass kom Kjartan Helland, Lund Skyttarlag. Han hadde og seks minutt i tillegg, og var 50 sek. bak sølvplassen.
På Elverum: Rune Tryggestad.