Ole Ringdal 1. held på leiinga

Skyttarar klare til blinkskot i andre runde av Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup. (Foto: Rune Tryggestad)

Sunnylven skyttarlag har gjort unna andre runde i bedriftscup i miniatyrskyting. Tittelforsvarar Slettene jaktlag vann, men Ole Ringdal 1. held på leiinga samanlagt.

Det utviklar seg til å bli ein «knivskarp» konkurranse mellom Ole Ringdal 1. og Slettene jaktlag i bedriftscupen. I fyrste runde sigra laget med dei skarpe knivane med fire poeng, men onsdag var det skarkskyttarane i jaktlaget som var best med tre poeng. Ole Ringdal 1. er framleis i leiinga samanlagt etter to rundar med fattige eitt poeng. Tre rundar står att før vinnaren kan kårast 22. mars. Neste skyting på miniatyrbana i klubbhuset Hellesylt stadion er onsdag 1. mars.

Resultat onsdag 15. februar;

1.Slettene jaktlag 729 (Jo Endre Frøysadal 239, Kristian A. F. Hauge 243, Sven Roger Alme 247)

2.Ole Ringdal 1, 726 (Frank Øksvang 242, Kurt Erik Sundgot 244, Trond Tryggestad 240)

3.HT Bygg AS 717 (Even A. Bjørneseth 239, Kristoffer Frøysa 236, Ottar Hellebostad 242)

4.Per Røyrhus AS 711 (Sondre Støverstein 236, Daniel Støverstein 241, Kjell S. Røyrhus 234)

5.Nebbedalen jaktlag 709 (Oddmund Fivelstad 244, Arne Ringdal 225, Torstein Fivelstad 240)

6.Ole Ringdal 2. 698 (Bjørn Tryggestad 242, Olav Lade 233, Ole A. Ringdal 223)

7.Ole Ringdal 4. 697 (Markus Forbord 235, Per Ove Frøysa 236, Per Kjell Leite 227)

8.Kryss Fingrane 690 (Kirsti F. Hauge 235, Linn Kammen 225, Madelen S. F. Hauge 230)

9.De Gamles Håp 685 (Sissel S. Tafjord 240, Erna F. Hellebostad 218, Birgitte Rørhuus-Øie 227)

10.National Team Poland 678 (Mariusz Dudek 227, Pawel Modliszewski 230, Agnlescka Modizewski 221)

11.Rampestrikane 615 (Robert Tryggestad 216, Olav Andreas Sætreås 186, Mathias Ringdal Hjelset 213)

 

Samanlagt etter to rundar:

Ole Ringdal 1.                    725 – 726    – 1451

Slettene jaktlag                 721  – 729    – 1450

HT Bygg AS                       711  –  717    – 1428

Nebbedalen jaktlag          708  – 709    – 1417

Per Røyrhus AS                700  –  711    – 1411

Ole Ringdal 2.                   702  – 698    – 1400

De Gamles Håp                696  – 685    – 1381

Kryss Fingrane                  683 – 690    – 1373

Ole Ringdal 4.                    676 – 697    – 1373

National Team Poland      685 – 678    – 1363

Rampestrikane                  583  – 615    – 1198

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380