Lokalnytt

Positive signal for skulen

Frammøtet på folkemøtet fortalde vel meir enn noko anna innlegg, at sunnylvingane vil behalde skulen sin.

Meir enn eit tresifra antall personar, elevar, foreldre og besteforeldre kom på folkemøtet om skulestruktur i Stranda kommune. Dei fekk positive signal om «livet» til Sunnylven skule. Avgjer fell i kommunestyret i mai/juni.

På bestilling frå formannskapet skal skulestrukturen i Stranda kommune vurderast. Torsdag kveld var det folkemøte i Sunnylven og frammøtet var svært bra. Over hundre personar kom for å høyre ordførar, rådmann og kommunalsjef orientere om skulestrukturarbeidet.

Møtet på Sunnylven samfunnshus vart leia av rektor Torje Bjørneseth. Etter innleiing av ordførar Jan Ove Tryggestad orienterte kommunalsjef Tone Lillebø om saksgangen og oppdraget som kom frå formannskapet med denne ordlyden; -Formannskapet bed administrasjonen starte arbeidet med ny skulestruktur.

Tre moglege utfall

Ved Liabygda, Geiranger og Sunnylven skule har arbeidsgrupper jobba med uttale og etter innspel frå folkemøte blir saka lagt ut på høyring. Ved Sunnylven skule er desse med i arbeidsgruppa; Anita Langeland og Gunn Elise Gjeldsvik, begge FAU, Anna Storstein Forbord og Bertine Lade frå elevane, og rektor Torje Bjørneseth. For Sunnylven skule skal det gjerast vedtak om;

  1. Vere som i dag 1 – 10. klasse skule
  2. Ungdomsskulen vert flytta til Stranda
  3. 5. – 7. klasse og ungdomsskulen vert flytta til Stranda

Alle kan sende inn sine kommentar, både lag, organisasjonar og enkeltpersonar. Etter behandling i HOK og formannskap blir saka avgjort i kommunestyret i mai/juni, sa Tone Lillebø.

Gode elevsvar

Mange tok ordet på møtet der positive og negative sider ved endra skulestruktur kom til kjenne. Ønskje frå alle var samanfallande, at Sunnylven skule måtte bestå slik som i dag også i framtida. Kanskje fortalde kommentarane frå ei gruppe elevar at skulen har kvalitetar som bør bevarast og at bygget som er i ei heller dårleg forfatning bør renoverast. På spørjearket hadde dei mellom anna svara at ved skulen hadde alle elevar aktivitetar i lag uansett alder, dei eldre tok seg av dei yngste, skulen var leksefri og dermed meir tid til fritidsaktivitetar, og det var lett å få hjelp frå lærarar. Ved å flytte til Stranda vart skulevegen lenger, nye lærarar, nye læringsmåtar, lengre skuletimar, og heimelekser. Det gav mindre tid til aktivitetar som kor, korps, dans og idrett.

Bygge argument

Desse synspunkta vart støtta av eldre som tok ordet der også dei tilsette ved skulen fekk positiv omtale. Skulen har vore kreativ og det har vore eit godt samhald mellom heim – skule, vart det sagt.

Ordførar Jan Ove Tryggestad fekk etter kvart mange spørsmål omkring framtida for læringshuset i Sunnylven. Han signaliserte optimisme og vilje til å oppretthalde Sunnylven skule som i dag også i framtida. Om nokon var i tvil om viljen til å bevare skulen kunne dei ta det heilt med ro. Det handla om å bygge argument for å renovere og la skulen overleve, for det står føre store investeringar i bygget, difor måtte det gjerast ein grundig saksgang, sa han.

Overskot

-Politikk handlar om å prioritere, om økonomisk styring. Skal ein få gjennomført noko må ein gjerne ofre noko anna. I 2017 er det oppført 25.- mill. kroner til investeringar i Stranda kommune, men ønskjelista om tiltak og kommunal støtte var mykje større. I den neste fireårsperioden er det oppført to større prosjekt, renovering av eldresenteret Solbakken på Stranda og Sunnylven skule, noko større enn det er det ikkje plass til. Skal ein skakkøyrd økonomi rettast opp er det nødvendig med knallhard økonomisk styring. Det har kommunen gjort dei siste åra og er på rett veg, for rekneskapet for 2016 som enno ikkje er avslutta viser positive tal. Det går mot eit rekordbra resultat og held det fram slik kan «medlemskapet» på ROBEK-lista bli avslutta tidlegare enn forventa, sa ordførar Jan Ove Tryggestad.

Møtet i Sunnylven om skulestruktur var eit godt møte, opplysande, og med saklege innlegg der alle fekk høve til å kome med sine synspunkt.

Til stades på møtet for å orientere om skulestruktur-saka var frå venstre kommunalsjef Tone Lillebø, rådmann Åse Elin Hole, ordførar Jan Ove Tryggestad og rektor ved Sunnylven skule Torje Bjørneseth.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380