Pussar opp gamlemeieriet

Eit areal på 2.5 dekar er rydda og planert på meieritomta. Den tidlegare vaskehallen til venstre blir ståande inntil vidare.

Flakk Eiendom held tett om planane på meieritomta på Hellesylt. –Der blir vel tivoli i sommar, seier dagleg leiar Jon Egil Jakobsen.

Møre Miljøsanering AS har avslutta jobben med riving av meieriet på Hellesylt. Den gamle delen som står att skal pussast opp i ny «drakt».

Espen Skrede Høidal og hans medhjelparar i Møre Miljøsanering AS og Opshaug AS har avslutta saneringsarbeidet av Sunnylven meieri. Området som er rydda er på 2.5 dekar, fortel Espen Skrede Høidal. Jobben gjekk som planlagt der bygningmateriale som tre, sundolitt, armeringsjarn og anna metall er sortert frå betongen og køyrd vekk.

Dagleg leiar i Flakk Eiendom, Jon Egil Jakobsen har vore innom Hellesylt og skal dit igjen med det fyrste. Det har blitt eit stort og fint område seier han, men planar for utnytting er ikkje bestemt enno. Det er kome spørsmål om å nytte området for eit tivoli til sommaren, seier han.

Den tidlegare vaskehallen blir ståande inntil vidare då den er vekkleigd som lager for strøsand. Den gamle delen av meieriet som står igjen skal pussast opp, metallplatene på veggane skal fjernast, murane skal bli pussa og veggane får liggande kledning, fortel Jakobsen. Han synest det var godt å få vekk det andre av bygget, for ikkje alt var trykt for folk og køyrety slik det stod. Kva som blir på resten av tomta som er regulert for turistformål er enno ikkje bestemt, men han gjentek at Flakk Eiendom riv ikkje berre for moro skuld.

Espen Skrede Høidal i Møre Miljøsanering AS har avslutta rivingsarbeidet ved Sunnylven meieri.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380