Notiser

Store skadar på fleire kattar

Her er katten Spragle som kom heim i november med skadar. Han overlevde og er ganske bra i dag. (Foto: Privat)

I byggefeltet Reset på Hellesylt har kattar kome heim med skadar, ille tilredd pels og sårskadar i huda. For to stod livet ikkje til å redde.

Katteeigarar i byggefeltet Reset er bekymra. Til no har fleire kattar kome heim med store skadar i pels og på kroppen etter turar ute i det fri. Så langt i vinter gjeld det fire kattar, den siste kom heim til eigaren denne veka og måtte avlivast etter å ha mista heile pelsen og med store sår i hovudet. Han var den andre som vart avliva, fortel ein av eigarane.

Vedkomande katteeigar fryktar at det må finnast ei etsande veske ein eller annan stad i området. Eigaren ber no huseigarane sjekke om det står plantevernmiddel, kanner med ensileringsveske eller anna etsande veske uforsvarleg lagra ein eller annan stad.

Katteeigaren synest det er frykteleg å sjå dyr kome heim så lurvete og skada. – No må vi alle gjere vårt for å finne ut av dette, for om born skulle kome i berøring med det dei fire kattane har gjort kan det gå ille, seier han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380