Sunnylvscup på ski utsett

Tredje renn i Sunnylvscup på ski var planlagt til onsdag 8. februar. Rennet er utsett grunna for lite snø.

I skianlegget Hyttehola ved Tronstad er det for lite snø til å arrangere renn. Sunnylvscupen på ski onsdag 8. februar er difor utsett inntil vidare. Ny dato kjem seinare.

Til Hornindal skisenter

Også Sunnylvsrennet, landsrenn og 5. renn i Sparebanken Møre Cup er flytta til Grendadalen, Hornindal skisenter. I staden for laurdag 11. februar blir rennet arrangert søndag 12. februar frå kl. 12.00, melder skigruppa i Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380