«Ta sjansen» under Hellesyltdagane!

Her på badestranda på Hellesylt blir det båtshow med sjølvbygde farkostar under Hellesyltdagane.

Arrangøren av Hellesyltdagane 2017 inviterar privatpersonar og bedrifter til å delta på «Ta Sjansen» søndag 9.juli

Det blir frisk seglas på badestranda søndag 9. juli. På siste dag av Hellesyltdagane, den store sommarfesten innerst i Sunnylvsfjorden blir friskusar i sjølvbygde båtar invitert til å «Ta sjansen». Men før den uhøgtidlege konkurransen startar skal båtane stillast ut i sentrum. Det skjer på laurdag, og søndag dagen etter skjer det. På badestranda er artist Eldar Vågan hyra inn som speaker under eit vått og rått show, skriv arrangøren!

Deltakeravgift: 200 kr pr. person

Alle kan vere med å stemme fram årets båt, i tillegg blir det sjølvsagt kamp om å kome kjappast ned bana!

Les om reglar for deltakinga her: http://www.hellesyltdagane.no/ta-sjansen-2017/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380