Tare kom til Hellesylt

Det var ekstra lang opningstid ved Sparebanken Møre si avdeling på Hellesylt tysdag. Då var det Havlanddagar med Tare på besøk.
Sparebanken Møre på Hellesylt vart godt besøkt under Havlanddagen også i år. Mange vaksne var innom lokala, men dei unge innskytarane var i fleirtal denne dagen, for då skulle sparebøssene tømmast. I fjor vart det 89 som fekk talt opp innhaldet og banktilsette Rita R. Røyrhus trudde på det same i år også. Det enda med 72 fyrste dag, men av erfaring kjem det nokre også i dagane etter, sa ho.
Besøket under Havlanddagen var størst på ettermiddag tysdag når jobbdagen var slutt. Då var også staute, blåfarga Tare til stades på Hellesylt med skåla si full av «gullmyntar» som han delte ut. Andre i Tarefamilien som prins Sølve og prinsesse Maren kom ikkje denne gongen, men var avbilda på teikneark som mange hadde glede av å fargelegge.
Sparebanken Møre spanderte kaffi og marsipankake på alle som besøkte Havlanddagen på Hellesylt tysdag.
Havlanddagane starta på 80-talet med Sparebankveka og seinare vart det Sparebankdagane.