Testa Birken-form i Honndalsrennet

Det vart ei god sluttid i Honndalsrennet for Kristine Hjellbakk Hole

Langrennsløparar frå Sunnylven IL testa form til Hovedlandsrennet og Birken i Honndalsrennet søndag. Det vart plassar høgt på premiepallen.

Alle foto: Hans Hole.

Honndalsrennet 2017 vart arrangert for 46. gong søndag. Rennet gjekk over to rundar på 8.0 km ved skisenteret i Grendadalen og var litt kortare enn vanleg grunna snøforholda. Framleis er forholda bra der sjølv om mildveret er tilbake.

Søndag var det realt klisterføre for dei 27 som deltok i alder 13 år til senior. Sunnylven IL stilte tre løparar. Kristine Hjellbakk Hole var einaste deltakar i jenter 13 – 16 år, men kom i mål på 27.50, ei sterk sluttid over 8.0 km. Berre tre gutar i same årsklasse hadde betre tid.

Anniken Hjellbakk Hole var suveren i K 21 – 35 år på 52.29. Det var dagens nest beste tid over 16.0 km. Berre Dan Børge Saure, Bjørke IL i M 21 – 35 fekk betre tid på 51.20.

Anniken Hjellbakk Hole er i form og blir å finne på start i det 54.0 km. lange Birkebeinerennet frå Rena til Lillehammer laurdag 18. mars. Der stiller også Gisle Aaland, tredje deltakar frå Sunnylven IL søndag. I Honndalsrennet vart det andre plass i M 56 – 60 og sluttida vart sterke 57.22.

Neste helg er det Sparebanken Møre Cup i Stordal laurdag og i Valldal søndag, fortel Hans Hole i skigruppa i Sunnylven IL. Han synest som mange andre at det har vore ein merkeleg vinter, men det har likevel blitt bra med skitrening, for forholda har vore gode både i Hornindal og ved Markane skisenter. Etter SBM-cup ventar Hovedlandsrenn på Tolga, og same helg som Birken går Ungdommens Holmenkollstafett, fortel Hans Hole.

Gisle Aaland, nummer to i si klasse i det 46. Honndalsrennet

Anniken Hjellbakk Hole gjekk inn til nest beste tid uansett klasse over 16.0 km.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380