Til topps i Midt-Norsk meisterskap

Kristine Hjellbakk Hole til venstre vart Midt-Norsk meister på Petter Northug Skistadion laurdag. (Foto: Privat)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk inn til gull i Midt-Norsk meisterskap i langrenn laurdag.

Mist-Norsk meisterskap med Innerøy IL i Nord-Trøndelag blir arrangert 4. og 5. februar. Deltakarane kjem frå dei to Trøndelag-fylka og Møre og Romsdal i alder 13 til 16 år.

Kristine Hjellbakk Hole var nyleg i Holmenkollen og steig opp på sigerspallen etter strålande innsats mot dei aller skarpaste frå Osloklubbar. Laurdag viste ho at det var ingen tilfeldigheit, for under Midt-Norsk laurdag gjekk ho heilt til topps mot ein «hårde» trønderjenter. Ho var ein av to deltakarar frå Møre og Romsdal i klasse J15 år.

Sluttida på 6.2 km. var 16.22.3. På sølvplass kom Frida Haugskott, Buvik IL 5.5 sek. bak, og på tredje plass Malene Gunnleiksrud Wold, Strindheim IL, 15.2 sek. bak.

Midt-Norsk meisterskap held fram søndag.

Sjå resultatlista her: http://www.liveresultater.no/livesider/index.php?arr=554#maal

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380