Tilbyr bakekurs med surdeig

Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til kurs i Lensmannsstova på Lillebø. På læreplanen står baking med surdeig.

Laurdag 25. februar er staden Lensmannsstova hos Synnøve og Hans Hole på Lillebø for alle som vil lære meir om baking med surdeig. Kurshaldar er Mandy Häger, busett i Strandadalen og jobbar som landbrukssjef i Sykkylven kommune.

Dette er eit introduksjonskurs for dei som vil lære meir om baking med surdeig og gamle kornsortar, korleis surdeig blir laga og teke vare på.

På kurset blir det laga to typar surdeigbrød, eit speltbrød og eit rugbrød. Under vegs vil kursdeltakarane få prøve, kjenne på, luke og smake på resultata, lovar bygdekvinnelaget.

Det er plass til ca. 25 deltakarar på kurset som er ope for alle og kostar 200.- for medlemar, 300.- for ikkje medlemar.

Påmeldingsfristen er onsdag 22. februar til;

Anne Grete Hjelmeland Hole, tlf. 70 26 36 49 / 418 46 683

Olveig Frøysa, tlf. 70 26 36 01 / 478 02 013

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380