Tok sølv i NM skifeltskyting

Premiepallen under NM skifeltskyting, frå venstre, Trygve Aaland Tryggestad, Ole Martin Erdal, Hans Bakken.

Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven Skyttarlag leverte ein stor konkurranse under NM normalprogran skifeltskyting laurdag og var fattige 5 sek. frå gullmedaljen

Trygve Aaland Tryggestad leverte eit svært godt løp på dagens NM normalprogram i skifeltskyting  som vart arrangert på Elverum. Det vart sølvmedalje berre 5 sek. frå gullet på dagens renn over 12 km.

Rennet gjekk i klassisk stil med 5×6 skudd på ukjente avstandar frå 137- 350 m.

Ole Martin Erdal frå Førde Skytterlag kneip sigeren og gullet og fikk i tillegg kongepokalen. Erdal  hadde 29 treff på skytinga mot Tryggestad sine 28. Bronsemedaljen gikk til Hans Bakken. Nordre Skage Skyttarlag. Han var 8.20 min. etter vinnar. Han hadde 30 treff på skytinga.

Kvar bom gir heile 3 min. i tillegg i tid.

Tryggestad gikk 2.55 minutt raskare enn skiskyttar og NM-vinnar Erdal i løypa, men var 5 sek. for sein til å knipe gullet og kongepokalen denne gongen.

Nettstaden sin mann på Elverum; Rune Tryggestad.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380