Trengande behov fekk si løysing.

I 2016 kom det ei løysing med offentlege toalett på Hellesylt. Eit trengande behov for turistar og andre vart løyst i Sunnylven samfunnshus.
Det blir halde årsmøte i foreininga Sunnylven samfunnshus i kveld tysdag 7. februar. På saklista står utanom vanleg årsmøtesaker også vedtak om framlegget til revidert regelverk for utleige, og ei sak om teikning av medlemskap og fastsetjing av medlemskontingent for lag og foreiningar i Sunnylven samfunnshus.
Tilrettelegging av offentlege toalett på Hellesylt var ei av sakene styret i Sunnylven samfunnshus jobba fram og fekk orden på i fjor. Gjennom rundar med forhandlingar mellom samfunnshuset, Stranda kommune og Stranda Hamnevesen KF kom ein fram til ei løysing med litt ombygging og offentlege toalett i inngangspartiet til samfunnshuset. Ei ekstra dør ved inngangspartiet og ein skyvevegg i vestibylen vart sett inn for å unngå å kome i konflikt med skulen sine interesser. Arbeidet kom på 83.000.- kroner og var klar til bruk til turistsesongen 2016. Avtalen gjeld for ti år, heiter det i årsmeldinga.
Kjøkkenet vart nyrenovert i 2016 og fungerer fint. Når det gjeld vedlikehald av storstova i Sunnylven er kostnadane delt mellom samfunnshuset som har ansvar for det indre og Stranda kommune for det ytre på huset. Lekkasjar i taket over toaletta og vestibylen er framleis ikkje reparert av kommunen, står å lese i årsmeldnga.
Årsmøtet er på Sunnylven samfunnshus i kveld kl. 19.30. Etter årsmøtesakene blir det orientert om tiltaka på samfunnshuset i 2016, og regelverket for utleige.
Det blir utlodding, kaffi og kaker under vegs.