Lokalnytt

Vart imponert under gardsbesøk

Jenny Klinge t.v. besøkte Bente Bonsaksen og Øvre Ljøen, her like ved tunet med utsyn mot Oaldsbygda og Storfjorden i bakgrunnen. (Foto: Privat)

Måndag 6. februar tok stortingsrepresentant Jenny Klinge (SP) turen til Sunnmøre og til eit matmøte på Stranda. Etterpå vart det besøk på fjellgarden Øvre Ljøen i Sunnylven.

Møtet på Stranda var eit fantastisk møte der nesten alle politiske parti var representert og der landbrukets betydning vart sett på dagsorden. Mat er nødvendig og noko alle må ha, det var vi alle samde om, men kvar maten vår skal kome frå og korleis skal den dyrkast, der er vi usamde, seier Jenny Klinga.

Debatten går ofte på om vi skal importere meir, om det skal leggast til rette for store einingar og produksjon i deler av landet som har dei beste vekstvilkåra og dermed lavast kostnad. Vi i Senterpartiet vil ta alle deler av landet i bruk til matproduksjon. Det gjev matsikkerheit, busetnad i distrikta og eit velstelt kulturlandskap, seier Jenny Klinge.

Jenny Klinge har vore på besøk på Ljøen hos Bente og Frank Ole Bonsaksen før, fjellgarden Øvre Ljøen med den fantastiske utsikta mot fjella og dei tre fjordane, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden og Storfjorden. Måndag var ho innom tunet igjen for å sjå og høyre om satsinga deira mot både gardsdrift og turisme før turen gjekk mot Ålesund.

-Eg er så imponert, det er rett og slett fantastisk å sjå det dei har fått til og korleis dei tek vare på kulturlandskapet. Det er noko som varmar eit senterpartihjarte, å sjå at skog blir rydda, små og store jordflekkar blir teke vare på og blir eit flott kulturlandskap. Og så satsinga på reiseliv med bygging av stor scene og tribune, og ikkje minst på båtturar på fjorden.

-Det er mykje positivt i landet, men det eg fekk sjå og fekk meg fortalt på Ljøen er spesielt. I Norge er det mulegheiter for å skaffe seg arbeid om ein ønskjer å slutte med gardsdrift. Familien på Ljøen gjer det motsette og held jorda i hevd til nytte for seg sjølve og glede for andre. Vi må gje mulegheiter til slike som har vilje til å vågar og satse, dei tek tak, klorar seg fast og viser at det går ann på ein stad der andre ville lagt ned og flytta, seier ombodsmann for Senterpartiet i Møre og Romsdal, Jenny Klinge.

Øvre Ljøen Amfi vart reist i fjor og er del av satsinga på reiseliv av familien Bonsaksen. (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380