Notiser

Vil drøfte medlemskap i Sunnylven samfunnshus

Sunnylven samfunnshus, storstova i bygda ønskjer seg meir inntekter og vil på årsmøtet drøfte innføring av medlemskontingent.

Sunnylven samfunnshus ønskjer seg inntekter. Foreininga er sårbar om større utgifter kjem fram, skriv styret i årsmeldinga for 2016.

På årsmøtet i Sunnylven samfunnshus 7. februar står, i tillegg til vanlege årsmøtesaker, oppført ei sak om teikning av medlemskap og fastsetjing av medlemskontingent. Sunnylven samfunnshus vart i 2015 endra frå partslag til foreining som organisasjonsform, og for å betre på ein litt stram økonomi har styret kasta fram tanken om å innføre ein årleg medlemskontingent for lag og organisasjonar i Sunnylven som brukar huset. Økonomisk er det kontroll over den daglege drifta, men foreininga er sårbar om det skulle kome på uforutsette utgifter, som om oppvaskmaskina på kjøkkenet skulle svikte, heiter det i årsmeldinga.

Styret sende i juni i fjor ut e-post til alle lag og foreiningar i Sunnylven som brukar huset der dei vart bedne om å kome med synspunkt på tanken og storleik på kontingent i eit medlemskap i samfunnshuset. Så langt er det inga avklaring, heiter det i årsmeldinga, men styret skriv at dei håper å kome fram til ein modell alle som leiger huset kan seie seg nøgde med, og at det kan gjerast vedtak i saka.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380