X2 Festival til Sunnylven i april

X2 Festivalen blir arrangert frå 20. til 23. april 2017. Og som dei siste åra satsar arrangøren på fleire konkurransar i Sunnylven.
X2 Festivalen er rikhaldig på kulturelle innslag, men også på ekstremsport der styrke, presisjon og modigheit blir sett på prøve mellom deltakarane. I år blir Festivalen arrangert frå torsdag 20. til søndag 23. april.
Til Sunnylven
Etter fullklaff med veret og med gjennomføring av fleire konkurransar i Sunnylven i fjor, har hellesylt.info fått stadfesta at X2 Festivalen satsar på å vere tilbake på Hellesylt og i Sunnylven også i år. Om det blir same konkurransar som i fjor, eller endå fleire er ikkje kjent.
I 2016 vart det i Sunnylven arrangert XBase frå Helsetkopen, XCreek i Bygdaelva (Steimsåsane), fallskjermhopping, og speedflying. Det heile var ein suksess og avvikla utan uhell og med mange tilskodarar på alle aranaer.
Historia til X2 Festivalen
I 2005 vart konseptet X2 Festivalen utvikla. Namnet kom frå dei fyrste konkurransane i 2006, til dei to fjella Nivane og Saudehornet. I åra etter har X2 Festivalen blitt utvida med fleire ulike konkurransar og inngått eit tett samarbeid med kulturelle innslag i Studenthuset Rokken i Volda.
I 2016 vart det halde totalt 50 arrangement under Festivalen som held fram med å vekse for kvart år. Sjå: www.X2festivalen.no
