LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Ann-Marita til Hellesyltdagane

Ann-Marita (foto: frå Ann-Marita si Facebook-side).

Sommardagar på Hellesylt har i dag annonsert nok ein artist på utescena til årets arrangement. Ann-Marita Garsed er fødd og oppvaksen på Hellesylt. Ho flytta deretter nordover til Sulitjelma før turen gjekk ut i verda. Sidan då har ho budd både i Sverige og Australia, men dei siste åra har ho hatt base i Los Angeles.

Ho gav ut si fyrste soloplate «Ann-Marita» i 2004. Den neste plata, «Intuition», kom i 2007, og den hittil siste plata, «The Purple Ribbon Sessions», vart utgitt for 3 år sidan. Musikken hennar er påverka av moderne country, americana, rock og tradisjonell folkemusikk.

Ann Marita får mykje ros for ei flott stemme, utstråling på scena, så vel som for eksepsjonell låtskriving og har opptrådd på verdskjende  festivalar, messer, klubbar og kafear.

Ann Marita er opptatt av sine skandinaviske røtter og har ofte opptrådd i bunad og framført skandinavisk musikk på arrangement i USA. I år får vi altså høyre henne frå utescena  under sommardagane.

Du kan lese meir om Ann-Marita på heimesida hennar: http://www.annmarita.com/

https://youtu.be/3YU33rSvkzw&w=720&rel=0

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info