ÅRIM med ryddedag i Sunnylven

Frå Hellesylt i 2015. Heidi Steinnes, ÅRIM og Arnstein Sve, Stranda Gjenvinning og Transport med ein godt brukt sykkel, eksempel på grovavfall som ÅRIM tek mot.

Snart er det årets ryddedag i Sunnylven og på Hellesylt. Også denne våren kjem ÅRIM sin mobile miljøstasjon for å hente grovavfall frå alle med miljøstasjonskort.

 

Det skal bli vakkert rundt om i Sunnylven også denne våren. Onsdag 26. april kjem renovasjonsselskapet ÅRIM til Hellesylt i lag med Stranda Gjenvinning og Transport for å ta mot grovavfall og annet miljøfarlig avfall slik at det ikkje ender ute i naturen. Levering skjer på kaia på Hellesylt onsdag 26. april frå klokka 12.00 til 18.00

Alle husstandene i Sunnylven som betaler for renovasjon har fått tilsendt brosjyra frå ÅRIM om kva som er grovavfall og miljøfarleg avfall.

Dette kan leverast;

Elektrisk og elektronisk avfall, fårleg avfall som målingsrestar og batteri, metall, bildekk med og utan felg, trevirke av mindre kapp, utrangerte møblar og madrasser, kjøkken og innredning frå baderom, syklar og liknande sportsutstyr, større mengder papp, isolasjon og isopor, interiørartiklar og vindauge.

Dette kan ikkje leverast;

Matavfall, bygnings –og rivingsavfall, delar av motorkøyretøy, hageavfall, landbruksplast, asbest og eternitt, legemiddel og medisinsk utstyr, fyrverkeri.

Det er viktig at alle tek med og viser frem tilsendte miljøstasjonskort ved levering av avfall. Kortet som alle fekk utdelt i 2016 er varig.

For å redusere kø og ventetid er det ein fordel om avfallet er ferdig sortert i bilen eller på henger før levering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380