Notiser

Årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag

Sunnylvsbygda grendahus på Hauge.

Sunnylvsbygda grendalag har halde årsmøte. Alle i styret og nemnder i laget tok attval.

Geir Frøysa held fram som leiar i styret for grendalaget. Med seg har han desse; Olav Lade nestleiar, Erna F. Hellebostad, sekretær, Gisle Aaland klasserar, Margreta H. Janssen, Oddbjørg Stadheim og Alf Ole Sundgot styremedlemer.

Varamedlemer; Jørn Stadheim, Åse Stadheim, Jarle Hole,

Valnemnd; Egil Røyrhus, Wenche Solli, Arne Frøysa.

Revisorar; Oddrun Lødøen Helset, Kjell Arne Helset.

Både årsmelding og rekneskap fortalde om velstand i Sunylvsbygda grendalag, og huset har blitt flittig brukt av fleire. I 2016 vart det utleigd til mellom anna konfirmasjon, barnedåp, medlemsmøter til lag og organisasjonar, åremålsdagar, 4H.

Det gamle skulehuset frå 1962, nedlagt som skule i 1973 er i god stand, men treng kvart år større og mindre vedlikehald. Årsmøtet vedtok å skifte bordkledning på veggen mot inntunet i løpet av våren. Heile Sunnylvsbygda grendahus skal også målast utvendig i år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380