AUKA UTLÅN FRA BIBLIOTEKET

 

Det er hyggjeleg med eit bibliotek i bygda. Det var dei samde om, Angelika Fivelstad (t.h) og ]orunn Hellebostad. Til venstre på biletet, filialstyraren Alida Langeland.

Utlåna ved Stranda Folkebibliotek sin filial i Sunnylven har synt ein fin auke siste året. l 1981 vart det lånt ut 3019 bøker, mot 2508 året før. Det er filialstyraren, Alida Langeland, som fortel dette til «Sunnylvingen».

Alida Langeland kan elles fortelje at det er registrert 294 låntakarar, av desse er 171 vaksne og 123 born. Det er kome til 13 nye låntakarar siste året. Biblioteket får elles ein bra tilvekst om året. I 1981 vart det kjøpt inn 250 bøker gjennom Kulturfondet, men budsjettet som filialen rår over, og som vert brukt til utanlandske bøker,  er berre på om lag kr. 8.000 og rekk til om lag 60 bøker.

-Vi får likevel eit bra tverrsnitt av litteraturen som kjem ut her i landet, men må med den ordninga vi har gjennom Kulturfondet også ta mot mange bøker som ikkje har særleg høg litterær verdi, -seier Langeland.

– Kva bøker les folk så helst ?
-Det går mykje på reiseskildringar, biografiar og lettare bøker. Barna. er mykje interesserte i «klassikarar» som Prøysen,Vestly og Lindgren. Vi legg elles vekt på å få fatt på flest mogeleg av dei nynorske barnebøkene som kjem ut, seier Langeland.

– Kvar ligg største verdien med eit slikt folkebibliotek ?
– Eg ser det som viktig at born vert låntakarar og får interesse for lesing. Mange av dei kjem att som vaksne låntakarar, og vi får tru at dei gjennom biblioteket får vekt interessa for god litteratur.

Biblioteket er elles eit tilbod som folk frå alle bygdelag nyttar seg av, fortel Langeland. -Eg synest elles at det er viktig å nemne at ein gjennom biblioteket her kan få  lånt faglitteratur som ein t.d. har ved fylkesbiblioteket i Ålesund, så har nokon ynskje om å låne bøker som vi ikkje har i hyllene her, kan vi som regel skaffe det utanfrå, seier ho.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info