Avlyser renn i Sunnylvscupen

Skigruppa i Sunnylven IL melder at Sunnylvscup på ski onsdag 15. mars er avlyst.

Snøen smeltar vekk i Hyttehola. Sjølv om det skulle kome påfyll av snø det fyrste døgnet blir det for dårlege forhold til å arrangere Sunnylvscuprenn 15. mars. Rennet blir difor avlyst, opplyser Gisle Aaland i skigruppa.

Han legg til at så snart det kjem snø og forholda blir brukbare blir det fjerde rennet arrangert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380