Avslutta renn på Tolga med sterk stafettetappe

Stafettlaget til Sogn og Fjordane & Møre og Romsdal. Frå venstre Oda Hov, Gyrid Øygard, Gunn Kristi Tvinnereim, Kristine Hjellbakk Hole.

Søndag var det stafett under Hovedlandsrennet for jenter og gutar 15 og 16 år. Kristine Hjellbakk Hole gjekk ei god ankeretappe på Mix-laget frå Sogn & Fjordane /Møre & Romsdal.

Alle foto: Hans Hole

Mix-laget

Stafetten gjekk over 4 gange 3.75 km., dei to fyrste i klassisk og til slutt to i fristil. Mix-laget Sf/Mr bestod av Oda Hov, Gyrid Øygard, Gunn Kristi Tvinnereim og Kristine Hjellbakk Hole. Det vart ein litt vanskeleg start for laget som veksla som nr. 64 etter fyrste etappe. Etter andre etappe var jentene på 46. plass, etter tredje nr. 38, og til slutt nr. 32 av totalt 76 lag som fullførte.

Kristine Hjellbakk Hole gjekk ei sterk ankeretappe for mix-laget. 11.14.4 var den 10. beste på sluttetappa uansett lag. Også Gunn Kristi Tvinnereim på tredje etappe gjekk god frietappe på 11.22.5.

Buskerud skikrets leda stafetten frå start til mål og fekk sluttid 45.10.6

Høgt nivå

Nær tusen deltakarar totalt og 200 i klasse J15 fortel om ein nasjonalsport som har blitt stor, men som har minka i Møre og Romsdal. Skal langrennsinteressa i fylket vekse fram igjen som tidleg på 2000-talet må også media i fylket gje sporten meir spalteplass..

Hans Hole fortel om eit fantastisk flott arrangement og tur til Tolga. Nivået på løparane under Hovedlandsrennet var svært høgt, seier Hole som også har merka seg at løparar frå innlandet har svært gode ski å gå på. Under Hovedlandsrennet var det ned i minus 17 grader eine morgonen så då er det avgjerande å ha gode kaldski om det skal bli pallplassar. Slike forhold er heller sjeldne og ukjende for oss på våre kantar, seier Hans Hole.

Vi tek med at Kristine deltok også i skikross på laurdag og kom i mål til rundt 60. plass av 130 i si klasse.

Bergstaden Røros i vinterdrakt og med tilbod om turar med hest og slede.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380