Billettsalet til kyrkjekonsert i gong

Artisten Maria Haukaas Mittet innleiar årets Hellesyltdagar med konsert i Sunnylven kyrkje. No er billettsalet i gong.

Saman med det lokale ungdomskoret Joyful held songartist Maria Haukaas Mittet og musikarar konsert i Sunnylven kyrkje 07. juli. Også i år er kyrkjekonserten fyrste innslag i eit elles rikhaldig program under Hellesyltdagane, årets store sommarfest 07. til 09. juli innarst i Storfjorden.

Arrangøren har starta billettsalet til kyrkjekonserten, melder hellesyltdagane.no/

Det er venta stor pågang etter billettar så det kan vere lurt å vere tidleg ute med kjøp om ein ønskjer å oppleve ein ny, minnerik konsert i Sunnylven kyrkje. Kyrkja har plass til 350 – 400 personar.

Billettar får ein kjøpt på dei to daglegvarebutikkane på Hellesylt, Joker eller Coop Mared. Billettar kan også kjøpast på Tikkio, https://tikkio.com/tickets/2512-kyrkjekonsert-med-maria-haukas-mittet

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380