Dansarar fekk gåve frå Kraftinorfondet

Frå filmopptak med dansarar frå HUL ved badehuset på Hellesylt i september 2016.

Ein søknad frå Hellesylt Ungdomslag til Kraftinorfondet om støtte til musikkutstyr for dansegruppa vart imøtekome med 10.000.- kroner.

Leiar i Hellesylt Ungdomslag, Marianne Fivelstad er glad for pengegåva laget har fått frå Kraftinorfondet. I staden for ein utsliten CD-spelar blir det no ny iPod til musikkformidling til dansarane i leikarringen. I september 2016 var ti dansarar frå laget med på å spele inn ein instruksjonsfilm i dans for Folkepedia.

I svaret frå Kraftinorfondet heiter det; -Hellesylt Ungdomslag har rundt 30 dansarar i alder 6 -16 år. Pengane frå Kraftinorfondet skal gå til å skifte ut cd-plater med ein iPod. Vi gratulerer med 10.000.- kroner og håper det blir ny iPod og mange danseglade born i Hellesylt framover.

Marianne Fivelstad opplyser at kjøpet er gjort og i tillegg har laget også investert i to nye høgtalarar med hjul og såleis lettare å forflytte.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380