LokalnyttLokalsport

Deltok i NM og NC skiskyting

Frå venstre; Trygve Aaland Tryggestad, Mari Solli Eide, Johan Eirik Meland (Foto: Nordfjord Team Skiskyting)

Inger Ringdal Sæter og Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven IL deltok i NM og NC skiskyting i Os i Østerdalen denne helga.

På NM og NC: Rune Tryggestad

Fredag var det NM junior  sprint og NC sprint senior. Inger Ringdal Sæter kom på 17 pl. i NM K17, med skyteresultat 2-1 . Trygve Aaland Tryggestad vart nr 35 i NC senior med skyteresultat 0-1.

Laurdag var det NM junior fellesstart for Inger. Her vart ho nr 21 med skyteresultat (1-1-3-3)

I NC fellesstart senior vart Trygve nr 41 med skyteresultat (0-2-3-1)

Søndag var det NM Mix stafett med 1 kvinne og 2 menn på laga.

I kl. MIX 17-Senior. gjekk Trygve Aaland Tryggestad siste etappa på Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins lag 2, som vart nr 11 av 35 lag. Laget var Mari Sollid Eide, Stårheim IL på 1. etp. (0-0) og Johan Eirik Meland, Markane IL.(0-0) på 2. etp. og Trygve Aaland Tryggestad på 3. etappe (0-0)  Meland veksla med Tryggestad som nr 11 og han heldt plassen på siste etappe til mål. Sogn og Fjordane 1 vart nr 14.

Inger Ringdal Sæter gjekk på Sogn og Fjordane lag 2 i kl 17-21 år som vart nr 31. Ho gjekk fyrste etappe og veksla som nr. 34 (2-2). På etappe 2 gjekk Vegard Skrede frå Hardbagg IL (1-0) og på 3. etappe Grim Nygård frå Markane IL (0-0). Sogn og Fjordane 1. vart nr 25.

Inger Ringdal Sæter. (Foto: Privat)

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380