Deltok i sprint laurdag

På laurdag var det sprint under Hovedlandsrennet for J / G – 15 / 16 på Tolga. Kristine Hjellbakk Hole kom på 85. plass.
Det var Maria Hertz Melling, Konnerud IL som var raskast under prologen for J15. Ho tilbakela 900 meters-løypa på 2.28.74. Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL hadde 85. beste tid i prologen med 2.50.55. Ikkje same topplasseringa på sprint som på fredagens renn (nr. 7), men likevel ein sterk prestasjon mellom nær 200 til start frå heile landet.
Søndag går Kristine Hjellbakk Hole på stafettlag for Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal stiller ikkje lag.