Ei minnerik Kollen-helg
Langrennsjenta Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL er vel heime etter ei ny, flott helg i Holmenkollen og fyrste etappe i Kong Haralds Ungdomsstafett.
I Holmenkollen: Hans Hole
Møre og Romsdal 1 kom på 18. plass i Kong Haralds Ungdomsstafett i Holmenkollen. Kristine Hjellbakk Hole gjekk fyrste etappe, Eskil Linge Glomnes, Valldal IL andre, Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL tredje og Karsten Andre Vestad, Molde & Omegn IF fjerde etappe.
Kristine gjekk ei flott etappe for fylkeslaget og veksla på 11. plass. Ho starta langt bak i feltet og fekk mykje køgåing i starten, mellom anna fall av andre lag i ein motbakke som hindra. Under vegs var ho nede på 18. plass, men i Helnerbakken rykka ho fram og veksla på 11. plass for Møre og Romsdal.
Kanskje var ikkje resultatet det aller viktigaste denne helga. Opplevinga av å vere med i Holmenkollen, stemninga og møtet med fleire toppløparar som Marit Bjørgen, Niklas Dyrhaug og Martin Johnsrud Sundby var nok vel så artig denne gongen.
Som alltid var far Hans Hole også denne gongen med på skirenn. Ei flott helg med mykje positive opplevingar både idrettsleg og sosialt, seier han. Det var fjerde gongen han rekrutterte løpar til Ungdomsstafettlaget for Møre og Romsdal i Holmenkollen. Å få sjå Hole-namnet på TV-skjermen er også litt artig, vedgår han.