Ein konsert til minneboka

Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet trakterte fleire instrument, også medfødte med song.

Humørfylt samspel og toneprakt fylt Lensmannsstova på Lillebø der musikarane Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet heldt konsert torsdag kveld.

Publikum fylte storstova i det nyrestaurerte gardshuset på Lillebø torsdag kveld. Nær tretti unge og eldre var komne for å høyre dei to folkemusikarane, Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet i song, og traktere fele, harpeleik, harmonium og trøorgelet i Lensmannsstova. Ikkje berre leverte dei to folkemusikk på høgt utøvarplan, også humøret lyste frå dei profesjonelle musikarane om kapp med stearinlys som pynta opp i det intime konsertlokale. Det vart ein time for minneboka i Lensmannsstova nok ein gong.

Prisvinnarar

Jorun Marie Kvernberg har vakse opp i Fræna i Romsdal. Ho spelar på fleire instrument som fele, hardingfele og harpeleik og har spela i felekvintetten Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Jorun Marie Kvernberg har vunne Spelemannsprisen to gonger.

Gabriel Fliflet formidlar også folketonane på sin spesielle måte, og vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Fliflet trakterer trekkspel med eit tonalt serpreg der rytmer kan sporast til fleire stader og land.

Favorittlåtar

-Vi har teke med oss eit knippe favorittlåtar til konserten, men etter kvart har vi funne ut at vi har laga det meste sjølve, sa Jorun Marie Kvernberg innleiingsvis. Det var eit godt knippe som vart til ein fartsfylt konsert full av speleglede i vals og reinlendertakt, men også ispedd fleire songar med tekstar av Kjartan Fløgstad og Jan Magnus Bruheim. Kombinasjonen fele og trekkspel høvde godt og gav nesten følelse av at vi har høyrt liknande tonar i naboland i vest.

Den timelange konserten vart avslutta med Snøggvalsen, ei «feiande» sak på to minutt. Det var ikkje nok tykte eit lyttande publikum som ville høyre meir. –Kan vi få musikknummer to ein gong til, var spørsmålet frå salen. Men kva var det? Det vart «Fanavalsen» som ekstranummer før husvertinne Synnøve Hjellbakk Hole takka for den flotte konserten og for frammøtet. Og deretter kom nummer to ein gong til.

Konserten med Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet vart eit nytt musikkhøgdepunkt i Lensmannsstova.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380