Eit godt år i Sunnylven skulekorps

Sunnylven skulekorps har halde årsmøte. Anita Langeland held fram som leiar i styret.
Årsmeldinga til Sunnylven skulekorps fortalde om eit svært aktiv musikkår i 2016. Korpset med rundt 20 musikantar og under leiing av sin faste dirigent Trond Otto Berg held høg musikalsk standard og er ein av Sunnylven sine gode kulturberarar. Også økonomisk står korpset seg godt.
Val.
Styret: Anita Langeland, leiar, Rolf Fivelstad (ny), Synnøve Kjellstad, Wenche Ringdal, Silje Brendefur.
Økonominemnd: Barbro Lade, Egil Røyrhus, Elise Skjortnes, Marit Hellebostad (ny).
Valnemnd: Knut Dag Langeland, Jostein Ringdal
Vi har «saksa» frå årsmeldinga;
På vårkonserten i april fekk eit talrikt publikum i Sunnylven samfunnshus høyre konsertprogrammet som Sunnylven skulekorps framførte under korpskonserten Nordvesten i Skodje. Korpset imponerte med eit variert og krevjande musikkbidrag og fekk ein flott tredjeplass i si klasse. Korpset bidrog også med å skape ein stemningsfull 17. mai i heimbygda og hausta mykje ros for det.
Det vart ikkje korpstur dette året, men musikarar og leiarar var på mindre sosiale turar utanom opptreden på kulturskulekonsert og skuleavslutning.
Stor suksess vart det også saman med barneleikarringen i HUL då cruiseskipet Queen Elisabeth la til ved Hellesylt kai og cruiseturistane vart «oppvarta» med norsk tradisjon med musikk og dans.
Nytt korpsår
Eit nytt korpsår starta i september med sosial samling og pizza på Øcal, les vi frå årsmeldinga. I oktober var det haustkonsert, og under adventsstund på omsorgssenteret fekk pensjonærane høyre mange kjende juletonar frå korpset.
- desember vart nye Ljønibbetunnelen opna. Sunnylven skulekorps under leiing av Trond Otto Berg var ein av dei gode bidragsytarane til kulturinnslag med korpsmusikk inne i Ljøfjellet. Ei fantastisk oppleving for 300-400 frammøtte.
Eit aktivt korpsår vart avslutta med julegrantenning, nissespeling i Hellesylt sentrum, julekonsert i Sunnylven kyrkje, under familiegudstenesta julaftan, og juleavslutning på skulen.
Korps i skulen
I årsmeldinga les vi også om korps i skulen (KIS).
-Korpset har dei siste åra slite med rekrutteringa. I eit forsøk på å snu denne trenden, har vi i år prøvd ut samarbeidsprosjektet KIS (korps i skulen). Dette er eit samarbeid mellom skule og korps, der småskuleelevar får bruke av musikktimane sine til å prøve seg som korpsmusikarar. Utover våren organiserte difor musikklærar Marianne Hafsaas opplegg og øving for 3. og 4. klasse, og avslutningsvis fekk dei framføre det dei hadde øvd inn – i samspel med korpset. KIS-prosjektet må absolutt seiast å ha vore vellukka. Korpset har i år fått seks nye aspirantar!