Lokalnytt

Er friviljug under Finnmarksløpet

Ann Kristin Langeland er friviljug under Finnmarksløpet som pågår denne veka

Verdas tøffaste hundeløp pågår i Finnmark. Mellom mange friviljuge hjelparar er Ann Kristin Langeland frå Sunnylven.

Ann Kristin Langeland har vore stasjonert på sjekkpunkt Jotka heile veka sidan starten på Finnmarksløpet sist helg. Ho fortel om ei fantastisk natur og let seg facinere mykje av løpet og det fantastiske samspelet mellom hundar og førarar.

Det er andre året Ann Kristin er med som friviljug under Finnmarksløpet. I fjor vart det berre nokre dagar, men i år blir ho med heile veka. I Jotka er første og siste sjekkpunkt både for 500 km. og 1000 km. , fortel ho.

-Det blir friske og spanande døger, og eg set verkeleg pris på å få yte ein friviljug innsats på dette eventyret, seier Ann Kristin Langeland.

Vi hadde kontakt via SMS tysdag kveld. Då var Ann Kristin og dei andre på sjekkpunktet Jotka førebudde på ei lang natt. Hundespann over 500 km. var venta , men det vart nok seint før dei siste var inne, trudde ho. Dei kom frå Skoganvarre på veg mot målet i Alta, men det var barske forhold over fjellet, hadde dei fått rapport om.

Natt til fredag kjem dei fyrste spanna på 1000 km. Det blir nok eit møte med slitne hundar og tapre førarar før dei samlar siste kreftene til målgang i Alta, trur Ann Kristin Langeland.

[metaslider id=16933]

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380