Lokalnytt

Familiegudsteneste i Sunnylven kyrkje

Fire seks-åringar fekk «Mi kyrkjebok» utdelt av sokneprest Karstensen t.h. På biletet er frå venstre Siril, Tuva Marie,Therese og Kai Adam.

På Maria Bodskapsdag var det gudsteneste i Sunnylven kyrkje med dåp, utdeling av bøker til 6-åringar og song av Joyful.

Familiegudstenesta samla mange i Sunnylven kyrkje søndag 26. mars. I tillegg til barnedåp, nattverd og offer til kyrkjelydsarbeidet fekk fire 6-åringar utdelt kvar si bok. Gåva «takka» dei for med mykje fin song og innøvde bevegelsar saman med sokneprest Stein Karstensen. Eit innslag vi trur gleda kyrkjegåarane.

Flott var det også å høyre ungdomskoret Joyful som fylte kyrkjerommet med sin vakre song nok ein gong. Sokneprest Stein Karstensen heldt preika og ved orgelet sat Gunnar Inge Eide.

Ungdomskoret Joyful song tre songar under familiegudstenesta på Maria Bodskapsdag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380