Gamleskulen blir teken godt vare på

Nokre små råteskadar vart utbetra før heile gamleskulen vart måla utvendig i fjor. Dugnadsgjengen på biletet er frå venstre Roar Folke Ljøen, Desisla Stamenov, Kari Hauso Stadheim og Eldrid Skrede. (Foto frå arkivet)

Gamleskulen på Hellesylt får stadig utbetringar. No er det installert elektrisk straum til både ljos og varme.

Medlemstalet i foreininga Gamleskulen aktivitetsmuseum har auka. Siste registrering viser at 126 personar har betalt medlemskontingent for 2017 mot 105 i fjor. Det er styret svært godt nøgde med, men ønskjer seg sjølvsagt enno fleire. Medlemskontingenten vart på årsmøtet måndag 13. mars vedteken uendra og er 100.- kroner for 2018. Kontingent saman med fleire pengegåver er den største inntektskjelda til foreininga.

Nymåla

Av årsmelding og rekneskap går det fram at mykje pengar er brukt til utbetring og vedlikehald av det gamle skulebygget. I år blir siste avdrag betalt på lånet som vart teke opp til reparasjon av taket, I fjor vart heile huset måla utvendig, i kvitt med grøne listverk eller same fargar som tidlegare. Gamleskulen frå 1896 er i svært god stand. I årsmeldinga rettar styret takk til alle som har støtta med medlemskap, gåver, dugnadsarbeid og besøk under arrangement.

Aktivitetsplan

Også råsa, den gamle snarvegen frå Bedehussvingen til skulen vart laga til med steinsette trappetrin. På arbeidsplanen for 2017 står rigging av eit rekkverk langs trappa, og oppmåling og tilstelling av uteområdet. Stranda kommune er bedne om å påvise grensene for tomta som Gamleskulen aktivitetsmuseum fekk skøyte på i 2013. Det blir open gamleskule under Hellesyltdagane og adventstreff i desember.

Val

Alle tok attval til styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum.

Styreleiar: Kari Hauso Stadheim ( 2017)

Nestleiar: Marit Lovise Ljøen (2017)

Skrivar / kasserar: Odd Jostein Bjørdal (2017 – 2018)

Styremedlem: Roar Folke Ljøen (2017 – 2018)

Styremedlem: Eldrid Skrede (2017)

Varamedlemer: (alle valde for 2017 – 2018) 1. Arne Ringdal, 2. Stein Karstensen, 3. Fredrik Stadheim.

Valnemnd: Liv Jorunn Sporstøl, Solfrid Onsøien Lien.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380