Går startetappa i Holmenkollen
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL går fyrste etappe i Kong Haralds Ungdomsstafett i Holmenkollen søndag. Starten er klokka 09.30.
Ungdomsstafetten går som MIX-stafett og er for 15 og 16-åringar, to jenter og to gutar på laget. Norges skiforbund, Skiforeningen og andre samarbeidspartnarar er arrangørar.
Ungdomsstafetten blir arrangert søndag 12. mars i samband med World Cup-helga i Holmenkollen og har i år fått namnet Kong Haralds Ungdomsstafett fordi kongen runda 80 år 21. februar.
Møre og Romsdal er mellom dei 28 deltakarlaga og har startnummer 14. Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL har startetappa og deretter går Eskil Linge Glomnes, Valldal IL, Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL, og Karsten Andre Vestad, Molde & Omegn IF. Kvar etappe er 3.5 km. og går i klassisk stil.
I fjor kom Møre og Romsdal på 24. plass i stafetten.