LokalnyttLokalsport

Gode forhold for skiskyttarane

Tonje Støverstein på start i krinsrennet i skiskyting i Hyttehola laurdag.

Krinsrennet i skiskyting med Sunnylven IL som arrangør samla 68 deltakarar, og til flotte forhold i anlegget i Hyttehola.

Alle foto: Magne Brekke

Deltakinga under krinsrennet laurdag kom frå Sunnmøre, men mest frå Nordfjord. Arrangørklubben stilte med ni deltakarar som leverte mange gode prestasjonar. Det vart pallplassering på Sofie Støverstein nr. 2, og Lone Ringdal nr. 3. Lone skaut også feilfritt og sikra seg «ugle». Også Johannes Friestad skaut feilfritt på stor blink laurdag.

Søndag 19. mars er det nytt renn frå klokka 13.00. Då er det krinscupavslutning i skiskyting med 93 påmeldte deltakarar.

Alle deltakarar frå Sunnylven IL unntatt Sofie Støverstein.

Her er resultata frå laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380