Gratis vafflar på vaffeldagen

Butikksjef ved Coop, Michelle van der Plas delte ut mange vafflar gratis til kundane sine laurdag.

Laurdag 25. mars feira store deler av Europa den store vaffeldagen. På Hellesylt baud dei to butikkane på gratis vafflar.

I Norge er vaffeldagen eit sikkert teikn på at våren nermar seg. Vafler er eit folkekjært bakverk og er populært også ute i verden.

Det er mange tradisjoner kring vaflar, oppskrift til vaffelrøre og kva ein likar å ha på. Det smakar også godt utan noko på, men dei fleste brukar gjerne litt smør, syltetøy og rømme, eller brunost!

Ved Coop marked og Joker på Hellesylt var det syltetøy og rømme det gjekk på då mange fekk seg gratis vaflar på vaffeldagen 25. mars.

Ein uhøgtidleg konkurranse på Coop der kundar kunne tippe kor mange vaflar som gjekk med i løpet av dagen vart vunnen av Bjarne Sjåstad. Han tippa 78 vafflar og det var berre to frå rette svaret.

Også Liv Jorun Sporstøl ved Joker, t.h. hadde masse gode vafflar til utdeling laurdag. Her får Kristin Storstein smake.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380