Grendakveld for førtiande gong

For tre år sidan inntok «Sjøarane» scena med suksess. Palmelaurdag er den lystige gjengen tilbake. (Foto frå arkivet)

Om knappe fire veker serverer «Sjøarane» menyen under årets Grendakveld i Hellesylt Ungdomslag. Då ventar ein ny bygdefest med latterkuler og magekrampe før 40-års jubileet er over.

Vi er i rute, forsikra Wenche Høgalmen Ringdal og Oddhild Gjørvad Åsen, to av rundt 20 personar som jobba med årets revyprogram då vi var innom samfunnshuset sist søndag kveld. Der møtte vi ein flirfull gjeng i godt humør som snikra på innslag som skal forsvare, forklare og kanskje befale kva som skal skje kring hendingar i bygda. Samlinga var ikkje den fyrste, nei etter det vi veit har «Sjøarane» vore på myldrestadiet med programinnslag lenge.

Kvart år er den store underhaldningskvelden på Hellesylt lagt til palmelaurdag. På scena i Sunnylven samfunnshus 8. april stiller «Sjøarane» mannsterkt med rundt 20 aktørar, frå 14 år og langt inn i pensjonsalderen. Men detaljer om innhaldet på «serveringsbrettet» var vanskeleg å få fretta ut.

–Det blir om trendar, ekstremsport, visjonar for framtida, og sjølvsagt litt politikk, røpa Wenche og Oddhild som nettopp hadde sett i hop rimvers til ei vise. «Sjøarane» stiller med eige band, det blir gjensyn frå tidlegare, og sjølvsagt blir det feiring med stor kake sidan det er 40-års jubileum.

Etter programmet, blir det som vanleg servering av spekemat, kaffi og fromasj, før entertainer Kjetil Grodås spelar opp til dans. Og for at alle som har lyst skal få vere med til siste dans er slutt har soknepresten utsett gudstenesta i Sunnylven kyrkje palmesøndag med ein time til klokka 12.00.

Det var «Dalarane» som starta opp revytradisjonen på Sunnylven samfunnshus ein gong på 70-talet. Hellesylt Ungdomslag er ansvarleg arrangør, men programinnslaga har gått på omgang mellom dei tre bygdelaga i Sunnylven. I jubileumsåret er det altså «Sjøarane» sin tur. Det blir førehandssalet av billettar til grendakvelden i vestibyla laurdag 8. april

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380