Har installert slush-maskin
Coop marked på Hellesylt har forfriskingar å by på når sommarvarmen kjem. Dei har installert ei slush-maskin.
Tre sortar kjølande og velsmakande slush kan den nye, innleigde maskina på Coop marked freiste med. Det blå smakar bringebær, raudt er jordbær og brunt har Cola-smak.
Dagleg leiar ved butikken på Hellesylt, Michelle håper dette er eit tilbod mange vil kose seg med. Spesielt når sommarvarmen kjem er ho sikker på at det vil vere kjølande med eit beger slush. Alt den fyrste dag maskina var i drift kom fleire slush-kundar og alle var fornøgde med det dei fekk smake.
Coop marked har i fyrste omgang leige maskina, men om det den leverer «fell i smak» hos kundar er det aktuelt å kjøpe den, seier Michelle van der Plas.