Har starta på «eventyret»

Her er Anders Helstrup t.v. og Jan Arne Janssen klare for start. Turen har dei planlagt i detalj, også ut frå kartet.

I midten av februar fortalde hellesylt.info om Jan Arne Janssen frå Hellesylt og Anders Helstrup frå Oslo som skulle ut på eventyret Norge på langs. No er dei i gong.

Jan Arne Janssen og Anders Helstrup har starta på si 15 månader lange tur frå sør til vest, øst og nord i Norge. Fyrste mars la dei to kameratane ut på den lange friluftsreisa saman med Grønlandshunden Obelix. Etter ei forblåst natt i telt ved Lindesnes fyr starta turen, skriv dei to på www.eventyri.no

Grunna lite snø i området gjekk turen nordover mot Hardangervidda til fots og i fjellsko, men når snøen dukkar opp blir det ski og pulk, skriv dei.

Etter planen skal turen gå vestover til Sognefjorden, og så dukkar dei opp under Hellesyltdagane tidleg i juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380