Lokalnytt

Heldt basar for å få ut gevinstar

Det var godt frammøte på «ope hus»-arrangementet på Sunnylven omsorgssenter torsdag.

I arbeidsstova ved Sunnylven omsorgssenter har det blitt strikka i vinter. Torsdag var det ope hus med utlodding.

Mange stakk innom Sunnylven omsorgssenter, både for å treffe kvarandre og slå av ein prat med bebuarane. I daglegstova vart det servert kaffi og kaker som kjøkkenpersonalet hadde baka, og det vart sal av lodd før trekking av mange «heimespøta» raggsokkar og andre nyttige ting.

I arbeidsstova ved omsorgssenteret driv dei mange aktivitetar gjennom året, fortalde aktivitør Jorun Trøen. Kvar tysdag og torsdag møter den som har lyst til bingo, trim, kinasjakk, puslespel og handarbeid. Når det gjeld handarbeid går det mest i strikking og no var det blitt så mange ferdige raggpar at dei måtte invitere til basar for å få ut ein del.

Jorun Trøen til venstre er aktivitør ved Sunnylven omsorgssenter. Her saman med Astrid Ringdal t.h.

Svært mange kom til open dag denne gongen. Det vart mykje triveleg prat kring borda og loddsalet var godt, det såg ut til at alle hadde eit par trivelege føremiddagstimar i lag. Inntektene frå basaren skulle gå til kjøp av nytt strikkegarn og til bingogevinstar, fortalde Jorun Trøen som hadde ansvar for arrangementet og sytte for både kaffikoking, servering og loddsal.

Gevinstsnora var både fargerik og lang.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380