Hellesylt Næringslag held årsmøte

Hellesylt august 2015.

Hellesylt Næringslag har sendt ut innkalling til årsmøte. Siste årsmøte var i 2015 med fem frammøtte.

På vegne av Hellesylt Næringslag har Øystein Ljøen sendt ut innkalling til årsmøte tysdag 7. mars. Stad er møterommet hos HT Bygg Hellesylt. Siste gong Hellesylt Næringslag heldt årssamling var 2. mars 2015. Ljøen skriv at han håper på betre frammøte denne gongen, for då møtte det fem personar.

På saklista til årsmøtet står utanom vanlege årsmøtesaker, tre andre punkt;

*Diskusjon omkring framtida til laget

*Peer Gynt galleriet

*Bente Bonsaksen orienterer om «Destinasjon Hellesylt» -prosjektet

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380