Hellesyltdagane ferdig planlagt

Journalist og nestleiar i Norsk Journalistlag Dag Idar Tryggestad opnar dei 30. Sommardagar på Hellesylt laurdag 8. juli. Og kateket Morgan Berg er tilbake som programvert på utescena.

Vel tre månader før den store sommarfesten på Hellesylt har komiteen det meste på plass. Det blir eit 30-års jubileum med fart, spaning, gode handletilbod, minnerike opplevingar og mykje god servering.

Trangt, men plass til alle

Hellesyltdagar, eller det som tidlegare vart kalla Sommardagar på Hellesylt skal feire seg sjølv i år. Med på jubileumsfesten inviterer dei alle som har vore med på denne sommarfesten tidlegare, og mange andre i tillegg. Sjølv om Hellesylt sentrum er trangt frå naturen si side har vi plass til mange, forsikrar planleggjarane i jubileumsåret.

Arrangementet vil ikkje bere merkbart preg av eit jubileum. Det blir stort sett dei same innslaga som tidlegare, for når folk synest det er greitt og når lag og organisasjonar har igjen for innsatsen finn vi ikkje grunn til å endra på noko, seier leiar i komiteen Svein Sporstøl.

På skinner

Med seg i planlegginga av Hellesyltdagane 7. 8. og 9 juli 2017 har han hatt Ann Kristin Langeland, Erik Torset, Åse Støverstein og Per Ove Frøysa. Komiteen har halde mange møter gjennom vinteren og kunne siste veka i mars presentere eit nær fullstendig program. Dei har sett saman programmet også dei to siste åra, eit arbeidet som har gått på skinner også denne gongen, forsikrar dei. –Det er dei kjekkaste møta eg er med på, det går i ein uformell tone, men leiaren kan også vere streng om det trengs, seier Ann Kristin Langeland.

Messeavis

No er det aller meste på plass, berre «finpussen» står att for 30-års jubilanten. Ei fyldig messeavis på 24 sider og i eit opplag på 35.000 kjem ut også i år. Der blir det informasjon å lese om tre tettpakka, solfylte dagar med minnerike opplevingar på Hellesylt.

Hellesyltdagane startar fredag 7. juli og konsert med Maria Haukaas Mittet i Sunnylven kyrkje. Her deltek også det lokale ungdomskoret Joyful. Billettsalet er i gong og arrangøren forventar fullsett kyrkje.

Sjanseseglas på badesranda

Nytt arrangement i år er «Ta sjansen» på badestranda. –Her er ei heil ingeniørtropp i arbeid med å berekne og lage sklia for å sende farkostane etter nye båtbyggjarprinsipp i sjøen, seier Svein Sporstøl. Sklia blir plassert på svaberget på badestranda. Påmelding er ope for alle og konferansier under «båtshowet» blir Eldar Vågan.

Eldar Vågan blir også ein av mange gode artistar på utescena i år. Der underheld elevar frå kulturskulen, barneleikarringen dansar, Ann Marita Garsed og Sandra Lyng Haugen spelar og syng. Og klovnen Klumse er tilbake også i år.

Ikkje alle innslag frå utescena er heilt klar enno, men det blir rikhaldig og variert underhaldning både laurdag og søndag, presentert på storskjerm, lovar Erik Torset. Det hele blir leiar av Morgan Berg både laurdag og søndag. På søndag held han friluftsgudatenesta på Høgreiten.

Gatevandring

I år blir det gatevandring med kjentmann Arne Ringdal. Kvar turen går er ikkje bestemt enno, men det blir garantert interessant. Andre «gamle» innslag som blir å oppleve også i år er loppemarknad, gratis frukost laurdag, open Gamleskule, tivoli, graut med Bygdekvinnelaget, hjortegryte frå skyttarlaget og grillmat frå fotballgruppa. Det blir Rib-turar på fjorden og helikopterflyging dit passasjerane måtte ønske. Og laurdag blir Hellesyltløpet arrangert, også i år med gode nasjonale på startstrek. Og skulle nokon vere i tvil så fekk vi bekrefta av arrangørkomiteen at Hellesyltdagane 2017 blir avrunda med Det store andesleppet i Hellesyltfossen. Premiane, ja dei blir nok like mange og like store som før, eller blir også det litt jubileum over?

Meir seinare

Vi trur vi har fortalt om det meste av det komiteen har på plass til årets Hellesyltdagar, men vi veit at det skjer enno meir på Hellesylt og rundt om i bygda denne helga, mellom anna konsert med Elvira Nikolaisen ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi og World Base Race ved Helsetvatnet. Nettstaden hellesylt.info kjem tilbake med meir om både desse arrangementa og Hellesyltdagane seinare

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380