I finalen i Veslefrikk 2017

Elevar frå 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule med instrumenta som dei komponerte finalelåt med. Bak pianoet lærar Marianne Hafsaas.

For andre år på rad kom elevar ved Sunnylven skule til finalen i musikkonkurransen Veslefrikk. Komposisjonen til 3. og 4. klasse var mellom dei sju beste juryen av komponistar, musikarar og pedagogar har plukka ut.

Saman med musikklærar ved kulturskulen i Stranda, Marianne Hafsaas har fire elevar frå 3. klasse og åtte elevar frå 4. klasse komponert eit musikkverk som nådde heilt til finalen i Veslefrikk 2017.

Finaleskulane er Sunnylven skule, Ekeberg skole, Tertnes skole, Bytårnet skole, Hedemarken friskole og Gullhaug skole. Den sjuande finalisten, som er vinnaren, blir offentleggjort på prisvinnarkonsert i Store Studio fredag 21. april kl. 13.00. Der blir vinnarlåta framført saman med Kringkastingsorkesteret.

Nasjonal satsing

Veslefrikk er ei nasjonal satsing på musikkomponering med born og unge, og i år har heile 1912 born frå 1. til 7. klassetrinn i grunnskulen delteke i Veslefrikk 2017. Dei har planlagt, komponert sin eigen musikk, gjort lydopptak og sendt inn musikken. I tillegg har dei sendt med ein komponistrapport med refleksjonar om arbeidet.

«Jakten på Gullfisken» kalla elevane ved Sunnylven skule komposisjonen sin. Mellom instrumenta var felene Gullfisken og ein hai var messinginstrumenta. I kommentar til musikken sin har elevane sagt at det er kjekt å høyre musikk, få spele på instrument, lære om musikk, spele på instrument vi kan, og gøy å komponere og kome til finalen.

På sommaravslutninga

Musikklærar Marianne Hafsaas syntes det var ein fin komposisjon. Og 3. og 4. trinn ved Sunnylven skule får skryt også av juryen som skriv at komposisjonen er veldig flott og interessant med god bruk av instrumenter som heile tida er spanande.

Marianne Hafsaas opplyser at «Jakten på Gullfisken», det knapt tre minutt lange musikkverket til 3. og 4. klasse vil bli framført under sommaravslutninga ved Sunnylven skule.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380