LokalnyttLokalsport

I mål til nye Birken-merke

Anniken Hjellbakk Hole i mål på Birkebeineren skistadion.

To løparar frå Sunnylven IL, Anniken Hjellbakk Hole og Gisle Aaland fullførte Birkebeinerrennet under flotte forhold og på gode tider laurdag.

Det 79 og 54.0 km. lange Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer hadde ca. 9000 deltakarar på start laurdag. Mellom dei var Anniken Hjellbakk Hole som stilte i damer elite, og Gisle Aaland i M 55-59.

Anniken kom i mål til 31. plass og ny bestetid (? )på 3.12.40 (nr. 10 i K 25-29) som var 26.00 etter vinnar Justyna Kowalczyk frå Polen.

Gisle Aaland gjekk i mål på OL-stadion frå 94 på 3.46.00, (nr. 191 i M 55-59) litt etter personleg beste, men langt under maksimaltid 4.11.57. Begge greidde tidskravet til merket.

Knut Anders Hatlen, Stranda IL vart nr. 158 i ME på 2.47.49. Vinnar av herreklassa vart Martin Johnsrud Sundby, 2.20.52.

Gisle Aaland før start på si tredje styrkeprøve i Birken.

Alle foto: Hans Hole

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380