Idrettslaget etterlyser politisk støtte

Aktiviteten i Sunnylven IL er stor, både idrettslag og driftsmessig. Laget er ein av dei viktige organisasjonane i bygda, skriv styret i årsmelding for 2016.
På årsmøtet i Sunnylven Idrottslag vart det lagt fram årsmeldingar både frå hovedstyret og frå alle undergrupper. I årsmeldinga frå hovedstyret blir idrettsungdom i laget gratulert med fleire fine idrettsprestasjonar, plasseringar som har vist fram Sunnylven IL på idrettskartet.
-Gjennom året har styret forsøkt å påverke det politiske miljøet til å ta meir ansvar for drifta av laga i kommunen. Vi finn det urimeleg at kommunen støttar arbeidet til Sunnmøre Friluftsråd, medan vi ikkje får tilsvarande støtte. At vi har eit fungerande idrettstilbod i Sunnylven er diverre meir på trass av Stranda kommune enn på grunn av Stranda kommune, skriv styret mellom anna i årsmeldinga.
Av vedlikehald vart klubbhuset på Hellesylt stadion måla, og av andre anlegg vart planane for nytt servicebygg i Hyttehola starta opp. Ny tidtakarbod og garasje for trakkemaskina er komen opp og blir teken i bruk med det fyrste. Utbygginga i Hyttehola er eit fellesprosjekt med Sunnylven skyttarlag. Opprusting av postvegen over Ljøbrekka er finansiert gjennom søknad frå Sunnylven IL om tippemiddlar i samarbeid med Ljøbrekkas vener.
Styret i laget rettar takk til alle som bidreg både økonomisk og på annan måte til drift av laget, både sponsorar, tillitsvalde, trenarar, foreldre og medlemer i ulike nemnder.
–