Klassesiger til Sunnylven skulekorps

Sunnylven skulekorps gjekk til topps i korpskonkurransen Nordvesten på Skodje laurdag. Korpset vann klasse Brass 3. divisjon.

Frå tredje plass i fjor vart det toppen på resultatlista for det unge skulekorpset frå Sunnylven under korpskonkurransen Nordvesten i Gomer-huset på Skodje 11. mars. Under leiing av sin faste dirigent Trond Otto Berg sigra korpset i Brass 3. divisjon med 89 poeng, eit halvt poeng føre Straumsnes skulekorps. På tredje plass kom Skodje skulekorps med 87 poeng. Meir kjem.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380