Krinscupsiger til Inger Ringdal Sæter

Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL vann K17 i skiskyting på heimebane søndag. (Foto frå arkivet)

Sunnylvlven IL stod for krinscupavslutning i skiskyting i Hyttehola søndag, godt arrangert under gode forhold.

I alt 94 løparar stilte til krinscupavslutning i skiskyting i Hyttehola søndag 19. mars. Frå arrangørklubben deltok det ti løparar denne gongen, dei fleste i dei yngste klassene.

Beste prestasjon frå Sunnylven IL stod Inger Ringdal Sæter for som gjekk inn til klassesiger i K 17 med sluttid 34.51.5. Nummer to vart Kari Alsaker, Markane IL 1.30.5 bak, og på tredje plass Anne Marie Roset, Markane IL 4.15.6 bak.

Frå Sunnylven IL deltok også Johannes Friestad og Trym Helset i G10 Nybyrjar og yngre, begge med god skyting. Treffsikre var også Sofie Kjellstad, Kristin Langeland og Tonje Støverstein i J10 Nybyrjar og eldre.

I J11 vart Nikoline Frøysa Hellebostad nr. 6 med 5 i tillegg, i J12 kom Sofie Støversein på 6 plass med 3 i tillegg, og Lone Ringdal nr. 9 med 5 i tillegg.
Lenke til komplett resultatliste.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380